Studentblogg

Category: Fritid

Om studentlivet utenom studiene.

Berre ein togtur unna

Det nærmar seg vinterferie på universitetet. Eller, vinterferie heiter det jo ikkje. Men dei fleste har ei heil veke utan forelesingar som går under namnet «leseveke». Vinterferien (la oss kalla ei spade for ei spade!) nyttar mange til å reisa heim ein tur. Men når ein bur i Bergen har ein jo også moglegheita til…

Krig for fred

I går var det endeleg tid for Studentersamfunnet sitt opningsmøte «Krig for fred»: Kvelden starta med at Studentersangforeningen framførte den klassiske studentersangen «Gaudeamus Igitur». Så var det tid for paneldebatt om humanitær intervensjon med Jan Egeland og generalmajor Robert Mood. Eit dagsaktuelt og alvorleg tema, veldig interessant å høyra dei to paneldeltakarane sine tankar om…

Godt nyttår!

Godt nyttår, alle saman! Nyttår i fine Bergen Tenk, no er det plutseleg blitt 2013. Dei fleste har framleis litt juleferie igjen før det er på tide å venda tilbake til kvardagen og det nye og betre livet du har lova deg sjølv at skal byrja no over nyttår. No gjeld det å nyta det…

Fine haustkveldar og quizing

Det er mørke, fine kveldar i Bergen for tida. På veg heim frå lesesalen etter nok ein dag med eksamenslesing ruslar eg forbi fine ting no om haustkveldane: Til venstre har du lesesalen for oss på bachelornivå på Det samfunnsvitskaplege fakultet, Ulrikke Pihls hus (Upihl). Her er det lys i vindauga og livleg eksamenslesing til…

Hurra for Kvarteret!

I helga blei Det Akademiske Kvarter kåra til Bergens beste studentsted. Ein velfortent pris til bergensstudentane sitt eige kulturhus! Kvarteret er lett tilgjengeleg og godt synleg der det held til i det raude bygget midt i Bergen sentrum og rett ved Høyden. Kvarteret opna i februar 1995 og blir drive av studentar. Etter å ha…