Studentblogg

Fiskefiksert

Dette er eit gjesteinnlegg av Ingrid Hovland Holm, tredjeårsstudent i berekraftig havbruk ved UiB.

Ferdig på vidaregåande. Puh. Bali neste? Nei. Bergen. På toppen av Samordna Opptak trona det ein vakker sommardag «Bachelor i havbruksbiologi».


Kvifor søkte eg?

1: Oppdrett var framtida, sa folk. Det seier folk framleis.
2: Eg åt mykje sushi på den tida.
3: Som alle veit er Bergen den verkelege hovudstaden. Den marine, altså. I verda.
4: Jakta på løysingar. Lakselus, sjukdom, fôr, rømming…
5: Ein forelder er biolog, og eg er oppvaksen i fiskeri- og oppdrettskommunen Austevoll. Eg hadde aldri noko reelt val. Arv og miljø, veit de.

Skjermbilde 2015-03-27 kl. 15.04.10Fisk til dessert
Og eg er takksam for min skjebne. Dei to fyrste åra av graden er tilnærma lik den generelle biologi-bacheloren som universitetet tilbyr. Det siste året er det tid for sjølve desserten – ein masse fiskefag. Fleire eg kjenner har gått ut i jobb etter å ha fullført bachelor. Når du les dette, tenker du kanskje «Jess, dette var noko for meg». Då er det på sin plass å åtvare deg: Det er ikkje so lett å stoppe ein gryande fiskeinteresse, og sjansen for at du studerar vidare til stades, for å seie det sånn.

Skjermbilde 2015-03-28 kl. 09.34.25

Skjermbilde 2015-03-27 kl. 15.01.49
Det eg ikkje på førehand visste skulle gi so stor glede:

    • Å pille i stykker eit kokt torskehovud for deretter å lage ei skisse av kraniet og setje namn på knoklane.

 

    • Føredraga i regi av Biologisk Fagutval. Døme: Somme hannlege kjønnsorgan i dyreverda er til forveksling lik torturvåpen.

 

    • Rognkjeks. Eg forstår ikkje kvifor ikkje internett kryr av rognkjeks-gifs, då eg er overtydd om at det er verdas søtaste dyr. Koman igjen:

      Foto: Malene Waage Skår

      Verdas søtaste dyr. Foto: Malene Waage Skår

    • Samhaldet. Det er ikkje so himla mange som studerar havbruk og fiskehelse, noko som fort fører til vener og fjas på fritida.

 

    • Ekskursjonane til Aurlandsdalen, til Lyngheisenteret på Lygra og til Arboretet på Milde. Flotte stader, men kva gjorde me her, undrar du. Me studerte mose, lyng, fisk og edderkoppar, vel. Alt saman særs relevant. Vel, kanskje ikkje alt, men himla gøy var det.

 

Fiskestudentar in action.

Fiskestudentar in action.

Kor mange studentar treng du til å vade i elv? Ein til å vade, og 41 til å sjå på og blogge om det.

Kor mange studentar treng du til å vade i elv? Ein til å vade, og 41 til å sjå på og blogge om det.

  • Ein variert studiekvardag. For tre veker sidan tok eg eit kurs i forsøksdyrlære, og denne veka skriv eg oppgåve i havbruksforvaltning. Etter påske skal eg til Helgelandskysten for å ha tre veker praksis på lakseoppdrett. Midt i semesteret. Som ein ekstra bonus er det skikkeleg vår i Bergen når eg kjem att.


Frekke mytar
Som realfagsstudent er det ikkje til å unngå å leggje merke til at det verserar eit par frekke mytar om fakultetet. Avkrefting følgjer. Nei, kjære samfunnsøkonomi-student: Fakultetet vårt heiter ikkje «nattmat». Mat-nat-fakultetet er òg meir enn betongdundra Realfagsbygget. Realfagsstudentane formeleg herskar over den sørlege delen av Nygårdshøyden. Og litt til. Favorittstaden min er utan tvil Marineholmen. Kanskje særleg dei digre, bølgete benkane på brygga bak Institutt for Biologi. Perfekt til eksamenslesing på soldagar, som det viste seg å vere mange av.

Institutt for Biologi på Marineholmen

Institutt for Biologi på Marineholmen

1 comment for “Fiskefiksert

  1. Vigdis Vandvik
    april 6, 2015 at 10:44 am

    Flott blogg! Spennende for oss som jobber med biologiutdanningene å høre hvordan ting ser ut fra studentperspektiv. Lykke til videre, enten det blir mer utdanning, eller jobb med en gang. Uansett er jeg dukker på at du vil finne masse spennende utfordringer og føle at du gjør god nytte for deg i samfunnet som biolog!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *