Eg kunne ha skrive ei lengre kjærleikserklæring til Bergen, men det skal eg ikkje gjera. Det finst nok av dei viss du googlar «Verdens beste by».
Du kjem nok til å trivast. Eg kjenner til fleire austlendingar som har meldt flytting til kommunen.
Her får du heller ei liste over korleis du kanskje kjem til å vere etter eit år i Bergen. Det høver truleg med ein #spoileralert.
- Du vil rekne paraplyen for å vere ei naturleg forlenging av armen din. Heller enn å klage på vêret, vil du ta deg sjølv i å irritere deg over at paraplyar flest er av tvilsam kvalitet. Berre sjå Instagram-kontoen @paraplykirkegaarden.
- Viss du ikkje er vegetarianar, er sjansen tilstades for at du aldri meir kjem til å lure på kva du skal ete til torsdagsmiddag. Komle, seier eg. Raspeballar, seier bergensarane. Det er skrive bøker om denne framifrå retten. Dagen etter at Brann rykka ned frå Tippeligaen hadde kafeen på Studentsenteret halv pris på komle. Det gjorde alt litt mindre vondt og vanskeleg.
- Du kjem til å skule stygt i retning menneske som seier «Brygga». I byen som elles har tradisjon for å ha ei meining om det aller meste, er det ein ting du ikkje skal ytre: A-endingar. Eit mogleg unntak er viss du skriv nynorsk. Eg overhøyrde ein gong ei jente som sa «Ulrika». Eg vel å tru at ho snakka om venninna si.
- Du har forkasta gauken som vårteikn til fordel for bogekorps. «Bogekorps» er det omdiskuterte nynorskordet for «buekorps».
- Du har blitt med i minst ein organisasjon. Anten det er ein møte- eller konsertarrangør, Kvarteret, ei linjeforeining, ei politisk studentforeining, nokre idrettsgreier, eller kanskje har du starta å synge i kor. Heia dugnad.
Du kvepp ikkje lenger når du høyrer krabben Sebastian frå Disney-filmen «Den lille havfruen» stå bak deg i køen på butikken, eller når ein entusiastisk nordlending med meir bling enn Lil Wayne hylar inn i ein mikrofon på Festplassen. Du har òg slutta å ta opp mobilen for å ringe 113 i møte med ekstrem skarring.
- Du har forma ei meining om kor Bybanen bør gå, og den er ikkje lik nokon andre si.
- Du har utvida din kulturelle horisont, for det er so mange konsertar, debattar og framsyningar rundt i byen at det ikkje er mogleg å unngå dei alle saman.
So kva er det beste med å studere i Bergen? Utsikta frå byfjella er rett nok vakker, og det lokale ølet er verdt jamn smaking gjennom heile studietida. Eg vil likevel svare «mangfaldet». Studentane er med til å gjere Bergen til ein endå betre by. Du er velkommen til å bidra!
Dette er eit gjesteinnlegg av Ingrid Hovland Holm, tredjeårsstudent i berekraftig havbruk ved UiB.