Studentblogg

Studentbloggens guide til flytting

Den første gongen eg flytta var eg 18 år og hadde budd same plassen heile livet. Så gjekk turen til Bergen for å studera – og sidan den gongen har eg flytta fem gonger til. Rundt omkring i Bergen, altså.

Eg har flytta frå studentbustad til leilegheit og omvendt; frå utanfor sentrum og inn til sentrum – og omvendt; frå gate til veg – og tilbake igjen. Derfor reknar eg meg sjølv for å vera ein ganske dreven flyttar. I desse dagar skal kanskje du også planlegga flytting til Bergen eller til ein ny stad å bu i Bergen. Så her følgjer mine beste tips til flytting!

Først må du jo finna deg ein plass å bu! Viss du lurer på noko om det, kan du sjekka dette innlegget.

Så er det lurt å finna ut kva du må kjøpa. Flytting er nemleg overraskande dyrt! Her bør du vurdera kva du eigentleg treng – og om du treng alt på ein gong. Ting som seng, skrivebord og klesskap er det overraskande praktisk å ikkje kjøpa sjølv. Viss du synst det er litt ekkelt å nytta ei brukt seng, kan du kjøpa ein ny overmadrass. Viss du ikkje ser for deg å bu på plassen du flyttar til i minst eitt år, er det sjeldan ein god idé å kjøpa masse møblar og ting. Hugs: Du kjem sannsynlegvis til å flytta fleire gonger. Tenk derfor godt over kor mykje du har moglegheit til og, ikkje minst, kor mykje du orkar å dra med deg.

Apropos at flytting er dyrt… Sett av pengar til depositum, flytteutgifter og uventa utgifter. Det vil alltid vera eit eller anna du treng som du ikkje har tenkt over.

Finn ut korleis du skal frakta ting. Har du moglegheit til å køyra eller bli køyrt? Det kan vera ganske så økonomisk og du får gode moglegheiter til å ta ting med deg. Viss ikkje: skal du ta fly, buss, båt eller tog må du nok rekna med at du ikkje kan få med deg alt du vil. Men det går fint! Mykje kan kjøpast når du kjem, og du kan også senda ting til deg sjølv. Hugs også at du kan ta med deg ting til Bergen neste gong du er heime (men hugs «ferieregelen» – det er alltid meir ting enn det er tilgjengeleg plass i kofferten når du skal tilbake etter ein ferie…)

Skal du leiga bil? Ver ute i god tid! Ingenting er verre enn å planlegga flytting ein bestemt dato for så å finna ut at det ikkje er ledige bilar den dagen.

Spør ein venn <3 Du treng mest sannsynleg litt hjelp. Foreldre er veldig veldig bra, det same er venner. Hugs å tilby pizza til dei gode hjelparane, det fortener dei!

Ta ei skikkeleg opprydding før du pakkar. Det er veldig kjedeleg å bruka mykje energi (og kanskje til og med pengar) på å flytta ting, for så å oppdaga at du eigentleg ikkje treng den, liker den, bruker den, har plass til den – eller at den er øydelagt.

Skaff deg det du treng til pakking. Flytteesker og pappesker er bra. Har du knuselege ting kan det vera fint å kjøpa silkepapir i tillegg. Ikkje bruk avispapir som erstatning for silkepapir, det resulterer nemleg ofte i at ting får trykksverte på seg. Skal du ha med deg mykje kler, kan desse funka fint til å surra knuselege ting inn i.

Pakk. Og hugs at pakking tar lenger tid enn du trur. Det kan vera lurt å pakka ned ei eiga «survival kit»-eske med tallerken, handkle og sånne ting som du treng med ein gong.

Meld flytting – iallfall til posten. Før du endrar folkeregistrert adresse bør du finna ut om du då vil gå glipp av t.d. reisestønad frå Lånekassen (ekstra stipendtillegg til to heimreiser i året).

Skaff deg innboforsikring! Enten det er via foreldra dine eller på eiga hand, så bør du ha forsikring. Brann og innbrot er ikkje noko som skjer med andre folk eller sånt som ikkje skjer, poenget med sånt er nettopp at det skjer uventa.

Lukke til!


Då er det bare å sette i gang med flyttinga!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *