Studentblogg

Kor skal eg bu?

Allereie no går vel dei fleste og tenkjer på kor dei skal studera til hausten. Og noko av det ein grublar mest på er kanskje kor du skal bu?

Så, korleis finna ein stad å bu i Bergen?

Desse kan vera til hjelp:

– Venner, familie og kjenningar
– Venner, familie og kjenningar sine venner, familie og kjenningar osb.
– Studentsamskipnaden i Bergen (SiB)
– Finn.no og hybel.no
– BergenStudenten

Gi folk beskjed om at du er på marknaden. Spør venner, familie og kjenningar og be gjerne desse formidla vidare. Ein måte å få gjort dette på er å skriva på Facebook at du leitar etter ein stad å bu. Mange bustadar blir ikkje lagt ut på finn.no/hybel.no, desse finn ein som regel via folk ein kjenner.

Søk hos SiB! Dei har både hyblar og hybelleilegheitar, i sentrum og i nærleiken av sentrum.

Følg med på nett. Sjekk finn.no og hybel.no jamleg.

Nokre tips til jakten:

Det er lurt å byrja tidleg. Ikkje utsett det lengre enn du må. Det er ikkje så triveleg å vera på desperat jakt i slutten av juli, då kan det vera å føretrekka å finna ein stad litt tidleg.

Finn ut kor i byen du vil bu (sånn ca.), kor mykje du vil betala og kva for krav du har. Bergenstudenten sin boligguide kan vera til god hjelp for deg som ikkje er så godt kjent i byen.

Bergenstudenten sine «boligvettregler» er også nyttige å ha med seg.

Gå alltid på vising! Uansett kor trivelege folk det er som leiger ut eller kor flotte bileta ser ut, så bør ein gå på vising. Verkelegheita har nemleg ein tendens til å vera litt annleis eller iallfall litt meir utfyllande enn bilete på internett.

Lurer du på noko? Då kan det vera lurt å ta kontakt med t.d. Bergenstudenten, dei veit råd!

Lykke til! Du finn heilt sikkert ein plass, skal du sjå.

Bergen fra Skansen
Utsikt over Bergen fra Skansen. Kanskje ditt neste kollektiv blir innanfor dette området?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *