Plutseleg var dagen her: bacheloroppgåva er levert inn!
Dette semesteret har eg altså skrive bacheloroppgåve. Fristen for innlevering verka veldig fjern for meg då semesteret byrja i januar. I byrjinga var eg ikkje heilt sikker på korleis dette skulle gå. Sjølvvalt tema, sjølvvalt pensum og arbeid på eiga hand? Resultatet skulle bli eit sjølvstendig arbeid på 20 sider. Men jammen blei det dét!
I ettertid verkar det ikkje så vanskeleg likevel. Når oppgåva er ferdig er det overraskande kor raskt ein gløymer alt det tidvis frustrerande arbeidet. Søking, søking og atter søking etter ein naudsynt referanse… Å sitja foran dataskjermen heilt til teksten ikkje gir meining lenger… Men det har vore mange fine augneblinkar også! Der gode idear plutseleg har dukka opp ut av det blå (sånt skjer overraskande ofte når ein er i dusjen eller er ute og ruslar), der eg etter leiting har funne etterlengta referansar eller når eg endeleg har funne ut korleis ei setning kan skrivast betre enn før.
Og sånn her kan det sjå ut når ein har levert inn:
Eg og Oda, begge ferdige med bacheloroppgåva.
Veldig, veldig godt nøgde!