Studentblogg

Vekene som forsvann

Det er for det meste veldig behageleg å vera student. Me får styra dagane våre sjølv og så har me nokre forelesingar og seminargrupper i løpet av veka. Ganske greitt.

Men av og til blir det plutseleg veldig travelt. Det er litt som då me gjekk på vidaregåande og det plutseleg var veker der alle lærarane hadde bestemt seg for at det var på tide med presentasjonar av prosjektarbeid, innleveringar eller prøvar. Det er berre det at me gjerne har litt færre og større arbeidskrav, slik at det ikkje er like lett eller triveleg med skippertak som det var på skulen.

Dei to siste vekene har verkeleg vore av det travle slaget. Eg visste jo at det ville bli sånn før eller seinare, for eg tar eitt fag «for mykje» denne våren. No før påske har det verkeleg kulminert! I det eine faget har me skrive og levert inn eit essay på ca 3000 ord, deretter har me hatt to heildagsseminar (og skal ha to til!) der alle skulle halda kvar sin presentasjon. I bacheloroppgåvefaget var det frist førre veke for å levera inn nytt utkast av oppgåva, denne veka skal me ha heildagsseminar og kommentera oppgåvene til kvarandre. Og i det tredje faget har me akkurat fått utlevert oppgåvetekst som me skal levera inn ei 10 siders oppgåve på innan 12. april. «Det er jo goood tid!» tenkte eg først. Som så mange andre er eg jo litt optimistisk på kor mykje eg trur eg skal få gjort i løpet av ferien! Men erfaring tyder på at det sjeldan blir like mykje som først planlagt, hehe…

vekene_som_forsvann

No er alt ferdig og levert inn, utanom den siste oppgåva, så klart. «Endeleg ferdig!» tenkte eg, men så kom eg på at sidan eg har nedprioritert pensumlesing desse travle vekene for å få gjort oppgåver og sånt ferdig. No er det ein god del lesing å ta igjen. Puh. Jammen godt det er påskeferie frå og med fredag, i ferien skal eg jo få gjort kjempemykje! Eller, det spørs vel?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *