Studentblogg

Berre ein togtur unna

Det nærmar seg vinterferie på universitetet. Eller, vinterferie heiter det jo ikkje. Men dei fleste har ei heil veke utan forelesingar som går under namnet «leseveke».

Vinterferien (la oss kalla ei spade for ei spade!) nyttar mange til å reisa heim ein tur. Men når ein bur i Bergen har ein jo også moglegheita til å ta turen til fjellet. Ein kan til dømes setja seg på Bergensbanen og ta toget til ein stad med endå meir snø:

Utsikt på togtur
Utsikt frå togturen til Voss

Du treng ikkje ein gong reisa langt vekk. Det er ikkje lange vegen frå Bergen til Voss med toget, og det er ein riktig fin togtur også. Eg tok turen dit førre helg og kunne nyta utsikta du ser ovanfor. Eg skulle riktignok ikkje gå på ski, men gjett om det var mange andre som skulle det den helga. Med den blå himmelen og dét flotte vintervêret var det jammen ikkje rart at det var mange som ville ut på tur då:

Voss

Elles er det mange som tar på seg ski og går i området rundt Fløyen, så ingen kan seia at me ikkje har gode vinterforhold i regnbyen også!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *