Studentblogg

Frå elev til student: kva er studiepoenget med det heile?

«Dette semesteret tar eg 45 studiepoeng.»

«Uff då! Stakkars deg!»

Dette semesteret tar eg eitt fag meir enn vanleg. Derfor har eg i det siste havna i mange replikkvekslingar som den ovanfor. Er det synd på meg? Neidå. Eg kjem nok ikkje til å gjera det fleire gonger, men det går greitt.

Så kva er eigentleg studiepoeng? I skulen måler ein kor stort eit fag er etter kor mange undervisingstimar ein har i faget per veke eller skuleår. Når ein studerer blir det ikkje det beste målet, for her er det som regel meir ansvar for eiga læring og mindre organisert undervising. Der kjem studiepoenget inn – eit mål på kor stort (eller lite) eit fag er. Ulike studieprogram har (som alltid!) litt ulike måtar å gjera ting på, så på universitetet finn du både små og store fag. Det vanlege er å ta fag på til saman 30 studiepoeng kvart halvår. Det er det universitetet forventar av oss, det Lånekassen forventar av oss og dermed, ikkje uventa, det me sjølv forventar av oss. På mitt studie tyder det at me tar to fag kvart halvår.

Dei fleste held seg til å ta den tilrådde mengda med fag. Tar du færre, blir det vanskeleg å fullføra studiet på tida og verken universitetet eller Lånekassa blir heilt nøgd med deg (med mindre du er deltidsstudent, så klart!). Tar du fleire fag, kan du kanskje fullføra på kortare tid, men til gjengjeld vil du få det ganske så travelt og neppe ha noko særleg med fritid. Det greiaste er definitivt å følgja det vanlege opplegget med 30 studiepoeng.



Små og store fag i ymse inndelinger.

Det er alltid nokre unnatak. Det fins folk som, i motsetnad til meg, har det gøy med å ta «for mange» fag samstundes. Hjelpes. Til dømes kunne Studvest for nokre år sidan fortelja om ei jente som tok 115 studiepoeng på eitt semester!

Eg for min del tenkjer det er meir enn nok med eitt semester med overbelasting og ser fram til å følgja vanleg løp igjen til hausten.


I serien Frå elev til student skriv eg om korleis det å vera student skil seg frå livet som elev i skulen. Lurer du på korleis det blir å vera student? Då er det berre å følgja med i denne serien! Om du har tips eller ønskje til serien, er det berre å leggja igjen ein kommentar.

[simple_series title=»Frå elev til student:»]


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *