Studentblogg

Krig for fred

I går var det endeleg tid for Studentersamfunnet sitt opningsmøte «Krig for fred»:

Kvelden starta med at Studentersangforeningen framførte den klassiske studentersangen «Gaudeamus Igitur». Så var det tid for paneldebatt om humanitær intervensjon med Jan Egeland og generalmajor Robert Mood. Eit dagsaktuelt og alvorleg tema, veldig interessant å høyra dei to paneldeltakarane sine tankar om kva ein bør gjera og kva framtida kan bringa. Det var eit flott opningsmøte i Grieghallen med fullsett sal.

På møtet blei også Studentersamfunnet sitt program for vårsemesteret lansert, jammen er det mange spennande møte å gleda seg til dette vårsemesteret. Studentersamfunnet har fleire møte kvar veke, til vanleg i lokala til Det Akademiske Kvarter – og for studentar kostar medlemskapet berre 50 kr per semester!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *