Det er snart på tide å ta bussen tilbake til Bergen etter tidenes lengste juleferie. Eg hadde siste eksamen 28. november, så no har eg iallfall hatt god tid til å kvila ut etter haustsemesteret. Eg merkar at eg set mykje meir pris på å vera heime med familien no enn eg gjorde då eg budde heime og gjekk på skulen. Nokon som kjenner seg igjen?
Ikkje berre er det koseleg å vera heime med familie og møta venner som også er heime i jula; det er også ganske fint med kjøleskap fullt av mat og å kunna ha på varme og ta lange dusjar utan å tenkja på neste straumrekning.
Men som dei seier: det er ei tid for alt. Og no er det på tide å reisa tilbake til kvardagen og studiebyen. Det å reisa frå heimbyen til studiebyen synst eg er litt forvirrande. Same kva for ein veg eg skal, så seier eg at «no skal eg heim». Heim til Bergen og heim til heimbyen. Sånn er det å vera student – det som i byrjinga var ein litt fjern studieby som ein skulle flytta til, blir med tida også ein heim.