Studentblogg

Godt nyttår!

Godt nyttår, alle saman!



Nyttår i fine Bergen

Tenk, no er det plutseleg blitt 2013. Dei fleste har framleis litt juleferie igjen før det er på tide å venda tilbake til kvardagen og det nye og betre livet du har lova deg sjølv at skal byrja no over nyttår. No gjeld det å nyta det så lenge det varer! Best å eta resten av julekakene og nyta heimelaga middagar servert av snille foreldre. For det er ikkje lenge igjen før forelesingane er i gong, treningssentera er fulle og ein ser inn i det tomme kjøleskapet på hybelen.

Eg for min del vakna med influensa på nyttårsaftan, så eg har starta det nye året i senga med feber. Sånn sett har 2013 fram til no blitt litt betre for kvar dag som har gått. Eg satsar på at det held fram slik vidare også.

Håper dykk får brukt siste rest av ferien til noko kjekkare enn det eg gjer. Og hugs – sjølv om mange snakkar om å kikka litt i pensumbøkene før semesterstart, så er det nok dei færraste som faktisk gjer det. Det er sunt å tenkja på heilt andre ting i feriane og alle skjønner at folk ikkje automagisk blir «nye og betre» ved årsskiftet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *