Studentblogg

Studentar lengtar etter juleferie

På veg opp til lesesalen for dagens dose eksamenslesing, blei eg møtt av dette synet i andre etasje på lesesalsbygget:

Det er tydelegvis ikkje berre eg som lengtar etter juleferien!

I dag er det tri dagar igjen til eg har første skuleeksamen. Det er 15 dagar igjen til den siste – og dermed også til juleferien. Ferien, og kanskje særleg juleferien, får ein ny verdi når ein er student. Ikkje berre er den eit godt avbrekk frå lesinga og konstant tenking på eksamen, for mange av oss tyder det også at ein får reisa heim til «mor og di» og slappa av.

Juleferien tyder god mat, gjerne frå eit kjøleskap som på mystisk vis alltid er fullt. Det tyder å vera heime i eit varmt hus, utan å tenkja på kva dette har å seia for straumrekninga. Juleferie er å møta igjen gamle venner, som til vanleg er spreidd ut over heile landet (og utlandet). Det er å vera tilbake i heimbyen eller -bygda og på same tid kanskje føla seg både heime og som ein som er på besøk.

Juleferien er også den perioden me studentar tenkjer at alt skal skje. Me utset kanskje å lesa «ikkje-pensumbøker» og å sjå på kjekke tv-seriar, og seier til oss sjølv at «det får eg ta i juleferien». Sjølv har eg ei lang liste over både bøker å lesa og tv-seriar å sjå på, samt ting eg vil gjera (hei, strikkeprosjekt og julekakebaking!). Når dagane på lesesalen blir lange og eksamenspanikken sett inn, er det godt å tenkja på alt det fine ein kan ta seg tid til i ferien. Aldri i verda om me får tid til alt, det er nok heller ikkje poenget. Studentar lengtar etter juleferie fordi det er ferie, og me seier oss nøgde enten me får arbeida oss gjennom tv-seriar eller om me berre ligg i godstolen heime hos foreldra våre.

Så me tel dagane. Berre 15 dagar igjen til ferien no!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *