Studentblogg

Seks fasar av heimeeksamen

November er eksamensmånad for mange av oss studentar. Eksamen på universitetet er ikkje berre vanleg skuleeksamen i nokre timar. I løpet av studiane vil du nok møta på ein heimeeksamen også.

Heimeeksamen? Eksamen heime? Jepp. Heimeeksamen inneber at ein får utlevert ei oppgåve som skal løysast i løpet av ei veke (eller sådär) og at ein får karakter på denne oppgåva. I nokre fag er heimeeksamen einaste vurderingsform, i andre fag er den ei av fleire vurderingsformer. Eg gjorde ferdig min aller første heimeeksamen i går, men eg skal også ha skuleeksamen i det same faget. Det er tidkrevjande, men ein lærer jo mykje av det.

Omtrent sånn har dagane mine vore sia me fekk utlevert oppgåva til heimeeksamen i førre veke. Sjølv med naudsynte kaffipausar og avbrekk, er det tidkrevjande greier. Eg skulle så gjerne ha gått på valvake på Kvarteret i går, men etter å (endelig!) ha gjort meg ferdig med oppgåva, var det ikkje energi igjen i meg til anna enn å kvila.

Heimeeksamen er altså ikkje berre-berre. Det kan vera ein lærerik, men veldig frustrerande prosess. Kanskje kan den se ut litt som det her:

Seks fasar av heimeeksamen

Fase 1: Oppgåva kjem – optimisme/full panikk. Du ventar nervøst på at oppgåva skal bli utlevert. Den blir utlevert. Du kjenner enten optimisme («Dette er jo greitt, det klarer eg!») eller kanskje panikk («Hæ? Kva er det dei spør etter? Har eg lese noko om dette før? UÆÆ!»). Så går du enten laus på oppgåva eller kanskje du tenkjer at det er lenge til innlevering, og at det kan vera lurt å prokrastinera litt først.

Fase 2: Skriving og godt mot. Du skriv og du skriv. Det blir jammen mange ord etter kvart.

Fase 3: Stagnasjon. Etter ei lang skriveøkt blir det vanskelegare å produsera tekst. «Ehh, har eg eigentleg svart på oppgåva?» tenkjer du kanskje. Kanskje byrjar du å lura på om du eigentleg forstår oppgåva. «Eg veit ikkje lenger kva ‘innverknad’ tyder!» tenkjer du kanskje fortvila. På tide å ta ein skikkeleg pause – til dømes ved å eta ein god middag!

Fase 4: Gjennombrot. Det viser seg at du kan litt om oppgåvetemaet likevel. Og at du ikkje er heilt på jordet med skrivinga. Hurra! Skriv, skriv, skriv. Kanskje har du disponert tida litt dårleg (hei, prokrastinering!) og må vera seint oppe enten her eller i neste fase. Sånn kan det gå.

Fase 5: Kutt og kutt – eller utbroder og utfyll. Når det nærmar seg innlevering kjem du sannsynlegvis til å enten ha alt for mange ord eller litt for få. Det er uvisst kva som er å foretrekka. Det maksimalt tillatte talet på ord er ei grense du bør halda deg til (+/- 10 %), så då er det berre å kutta eller utbrodera.

Fase 6: Innlevering. Så kan du endeleg levera inn, hurra! Forhåpentlegvis er du då nøgd med oppgåva. For helsa si skuld er det nok best å ikkje tenkja over kva du kunne gjort annleis, for det får du ikkje gjort noko meir med.



Når eg verkeleg ikkje klarer å konsentrera meg, bruker eg denne nedteljaren. Jobbing i 25 minutt, så ringer den til pause. Det funkar, eg lover!

2 comments for “Seks fasar av heimeeksamen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *