Studentblogg

Hurra for Kvarteret!

I helga blei Det Akademiske Kvarter kåra til Bergens beste studentsted. Ein velfortent pris til bergensstudentane sitt eige kulturhus!

Kvarteret er lett tilgjengeleg og godt synleg der det held til i det raude bygget midt i Bergen sentrum og rett ved Høyden. Kvarteret opna i februar 1995 og blir drive av studentar. Etter å ha vore stengt for oppussing i tri år, opna Kvarteret på nytt i 2010. No er det igjen gode tider å vera student i Bergen, med eit eige hus der det alltid skjer noko og der alle kan finna seg til rette. Her kan ein gå på konsertar, drikka øl (eller kaffi!), eta rimeleg og god mat (til dømes kan ein få med seg det fabelaktige nye konseptet Bifftorsdag, som eg gleder meg til å testa ut ein dag), dansa, gå på møte eller berre ha det kjekt med venner. Sånt er heilt naudsynt etter lange dagar på lesesalen.

Enten ein har lyst til å gjera noko på dagtid eller kveldstid, er det alltid noko som skjer på Kvarteret. Og tenk det – dette er det frivillige studentar som får til. Det er ikkje utan grunn at Bergens Tidende kallar saka om prisutdelinga for «Hovedkvarteret». Hurra for studentengasjement og Kvarteret!

Foto: Irene Heggstad. Copyright UiB

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *