Velkommen til Bergen til deg som er ny – og velkommen tilbake til dykk andre!
Ingen er vel så optimistiske og motiverte som me studentar er ved studiestart. – Dette studieåret, tenker me, dette studieåret skal verkeleg bli bra. Pensum skal lesast, kaffi skal drikkast (om mogleg i godt selskap), forelesingar skal oververast og nye og gamle venner skal finnast. Det er ikkje måte på kor bra dette skal bli.
Studiekvardagen ved Universitetet i Bergen er variert og innhaldsrik. Ikkje berre skal me bli dyktige fagpersonar i akademia, me har også ein fantastisk by å boltra oss i mellomtida. Her er det mykje å velja mellom enten du liker å drikka kaffi andre stadar enn heime på hybelen, delta på møte eller føredrag, dansa til musikk til klokka viser låge tal eller om du liker å sykla innandørs grytidleg om morgonen. Lista er på ingen måte uttømmande, for i Bergen skjer det alltid mykje forskjellig.
Studiekvardagen, med alt som skjer på universitetet og elles i byen, skal eg gi dykk eit innblikk i her på studentbloggen. Eg håper studentbloggen kan gi deg både eit avbrekk og eit innblikk i livet som student ved universitetet. Har du tips, innspel eller spørsmål – kom med det!
Så, velkommen skal du vera til eit nytt semester på studentbloggen, enten du er ny, gammal eller kanskje framtidig student. Det er ikkje måte på kor bra dette blir!
Foto: Utdanning i Bergen
2 comments for “Hei, Bergen!”